Glittertind
Glittertind - Flaumen G5r, I Norge Er V5r songtekst
Je score:
Flaumen går, I Noreg er vår, Bjørka sprett I dalom. Dølakar Traust og hard Rydjer ferdregard. Sjå kor det losnar I alle liom, Skreda fer etter bergesidom. Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Frå fjellet rinn Ein bekk så linn Mellom stuv og steinar. Av bekker små Det vert ei å, Fagrast du skal sjå. Høyr kor det I vatnet susar, Høyr kor det I fossen brusar! Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Lita å Kan du forstå Kor ho fekk slikt mæle? Bekk som rann Er vaksen mann. Stans han, om du kan. Ingen mann kan straumen vende. Tømmer og hus det set han på ende. Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Bykar stram På gata går fram, Trur han skal oss lære. Men ikkje eg Fær støkk av deg, Sjølv eg rår min veg. Bøndan' er ikkje lenger mjuke, Husbondsretten, han vil me bruke. Retten er vår, Skulda er dår Å lyde Noregs kår. Om seint me kjem, Så er det med klem. Me vil garden rydja. Bondemål, Kvast som stål, Gjev ikkje lenger tol. Norsk mål vil me I Noreg hava, Ikkje lenger med dansken kava. Bondemål, Kvast som stål, Gjev ikkje lenger tol. Blankt som gull Og mjukt som ull Er det norske målet. Som sol på fjell, Som blome-tjeld, Som fuglesong om kveld. Tusen års rot det hev I landet, Tusen år til så skal det stande. Flaumen går, I Noreg er vår, Og dølan' er det som rår. Sumar-sol Skin på jord, Så jonsok-blomen laver! Læt frå koll Lur over voll, Og dølan' slær på skjold. Av skal ho hivast lurve-hetta! Gullhjelm lyser I morgon-gletta. Læt frå koll Lur over voll, Og dølan' slær på skjold. Harald verk Fjellbonde sterk Gjer no andre gongen. Gamalt grjot Av kjemperot Endå hev manndom og mot. Kome alle, ver med på ferda, Så skal det spørjast I vide verda, At Noregs mann Gjekk på og vann Atter sitt eige land.