Vamp
Vamp - Spor Av Glør (I Praha) lyrics
Your rating:
I Praha tar du på deg nettingstrømper og eggjer meg i prismekroners glans. Mens skuggane blir levande på veggen, så danser du ein heftig flamedans. I Wien les eg linjene i handa og sveiper deg i svarte enkeslør. Bak stengde dører veit eg du kan tåla ei iskald einsemd skapt av engleklør. I München vil du mana meg til glømsel og maler munnen raud med leppstift så mine uskyldauge aldri sansar den kalde, mørke viljes sterke drift. I Stockholm søv du trygt på silkelaken. Eg smør deg varsomt inn med blomeeim. Fortapte skal med slokkast i kvarandre. To trøtte sjeler som vil lengta heim. Men her – så kan eg berre slokka lyset, snu ryggen til og kviskra eit ”godnatt”. I Florlette gardiner kveles elden. Og alle spor av glør har vinden tatt.