Sissel Kyrkjebø (Sissel)

Sissel Kyrkjebø (Sissel) - Å, Vestland, Vestland lyrics

Your rating:

Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik

med fagre fjell og fjord og tronge vik,

det stig i all sin venleik stort og vilt

og atter møter meg så mjukt og mildt.



Og gleda strøymer i meg still og stor

med glans av bjørkeli og blåe fjord.

Og i meg sjølv eg kjenner dypter av

den stille skogen og det store hav.



Min lette båt ein solblank kveld eg ror,

sjå fjell og himil sym på stille fjord,

og djupe dalen med sitt grøne fang,

som skin av lauv og blom frå lid og vang.



Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell,

lik dagsens timar tøyer seg mot kveld.

Det sveiper seg umtind og tronge dal

eit draumeslør av sumarnatti sval.
Get this song at:
bol.com
amazon.com

Copyrights:

Author: ?

Composer: ?

Publisher: ?

Details:

Language: Norwegian

Share your thoughts

This form is protected by reCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply.

0 Comments found