Hellbillies

Hellbillies - Skulde Vore Ein Rikmann lyrics

Your rating:

Hellbillies - Skulde vore ein rikmann



Eg har ein kåk uppi Øvre Ål

dæ'æ ein fillegard på tredve mål.

Ti, tolv saui og ei gamal kyr,

skulde kjøpt ny TV, men han vart for dyr!

Her veks det berre løvetann,

eg tek ein tur, slik dann og vann,

te Sundre der eg set meg på Ål Kafe,

og fortel om koss det står te.



Skulde vore ein rikmann,

men det vart alder slik, sann!

Dei supe i seg capuchino,

og drikke vino fino!



Sit og høyre på radio'n min,

dæ'æ 'kji slik som fårr i ti'n.

Tå stasjona so bi're fleir og fleir,

men dei spela alder Oddvar Nygård meir!

Og folk dei dra på tur kor vår,

eg ha 'kji tikji ferie på femtan år.

Nei, bonde kunn dei vera kæm fan som vil,

øyde livet i ein skanntil.



Eg går og trør her te evig tid.

Stort verre kan det ikkji bi!

Skulde sligji håne nedpå jorde her,

men det ha 'kji vore noko turkevær!

Eg ber te Gud, so sant 'n vil,

at Erling Fossen tigji still,

og at det kunna bi lite bære pris

på lamb og kalv og smågris! 



Oddvar Nygård - kjend trekkspelar frå Gudbrandsdalen

øyde livet - søle burt livet

skanntil - del av fjøsgolvet der møkk og urin samlar seg

hån - gras som har vakse opp etter fyrste slåtten

Erling Fossen - oppvaksen i utkanten nær Rustadsaga, bur no i Oslo

kunna bi - kunne bli
Get this song at:
bol.com
amazon.com

Copyrights:

Author: ?

Composer: ?

Publisher: ?

Details:

Language: Norwegian

Share your thoughts

This form is protected by reCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply.

0 Comments found