Hellbillies

Hellbillies - Goffa Min Va Handelskar lyrics

Your rating:
Hellbillies - Goffa min va handelskar



N'goffa hadde våmmålsbrok og rutut busserull.

Bremluve med knapp i, undetøy tå ull.

Blå Strek-tobakk, krokpipe og kamferdrops på lur,

rydda tjue mål på langstøle, bygde bue på ein gråsteinsmur.



Goffa min va handelskar han handla hest og kjy.

Dreiv dei ifrå Aurlandsdal'n og ned te Drammen by.

Han va kjend frå Hol te Gulsvik.

Ein ekta Hallingdøl.

Spikjikjøt va'n glad i, og graut tå eigji mjøl.



"Haralanken, lorteklanken" song n'goffa om.

På radio'n høyrde'n værmelding og Myklebust kor gong.

Han helga seg kor sundag, va uppe klukka fem.

Fyra støtt med bjørkjived, og hadde kjellarlem.



Ho gommo sat på langstøle i over femti år.

Fora meg med ystillsoll og plastra alle sår.

Ho stod og rørde prim i ein eim tå hakka brisk.

Plåra seint og tidleg, men heldt seg kvek og frisk.



langstøl - støl langt til fjells (jfr. heimstøl)

bygde bue - bygde stølshuset

Haralanken, lorteklanken - slåttestev frå Ål

Myklebust - leiar for folkemusikkhalvtimen i NRK i mange år

ystillsoll - ostestoff teke ut av sur eller søt skumma mjølk og servert med rumme eller fløytemjølk

brisk - einer
Get this song at:
bol.com
amazon.com

Copyrights:

Author: ?

Composer: ?

Publisher: ?

Details:

Language: Norwegian

Share your thoughts

This form is protected by reCAPTCHA and the Google Privacy Policy and Terms of Service apply.

0 Comments found